4 år

 

4-årssamling og 4-årsbok
4-åringane får boka «Mi kyrkjebok 4» utdelt på ei familiegudsteneste. Ein ettermiddag i veka før utdelinga er det samling i kyrkja der dei blir kjende i kyrkjerommet og får førebu seg til og øva på det som skal skje i kyrkja på søndagen. Dei øver både på å gå inn i prosesjon, å ta imot bok og å synga nokon av songane som står i boka. I tillegg får dei som oftast læra litt om korleis ein dåp føregår ved å ”døypa” ei dokke. Eit kveldsmåltid høyrer òg med til samlinga. Etter nokre års erfaring med desse samlingane, ser ein tydeleg kor mykje tryggare barna er på gudstenesta når dei har vore med på slik øving.

 

 

4-årssamling Erfjord 2012.

Far og dotter i full konsentrasjon (Leit i kyrkja og finn det som er på bileta)

 

 

4-årssamling i Sand kyrkje 2014

Utdeling av 4-årsbok hausten 2017 :
 

Utdeling av 4-årsbøker hausten 2018
Det skjer i gudstenesta desse søndagane:

Erfjord 9. september
Sand 16. september
Jelsa 16. september
Suldal 16. september (kl 17.00)
Marvik 30. september
Nesflaten Blei delt ut på Palmesøndag
Vanvik 9. desember
 



Dei fleste stadene blir det ei ettermiddagssamling for 4-åringar og foreldre/fadrar  i veka før gudstenesta. Det blir sendt ut invitasjon ei stund på førehand til alle som står i kyrkja sitt medlemsregister. Har du ein 4-åring som ikkje har fått invitasjon, ta kontakt med kyrkjekontoret.

17. desember 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Suldal kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando