Babysong


Rytmeegga raslar, ballongane flagrar og såpeboblene flyg medan babyane leikar seg gjennom songstunda på Sand bedehus. Mange godlydar og frydefulle smil frå dei små gjer også stunda til ei oppleving for dei vaksne. Babyane finn òg høve til å utforske jamaldringar, og er ikkje beskjedne når det gjeld å klappe og kjenne litt på naboen. Det er flott å sjå korleis babyane responderer på songen og rytmane!

Kyrkja i Suldal har arrangert babysong på Sand bedehus sidan 2006.
 

 

               

..Stor bølge............................................                     ... Liten bølge........

 

 
Dersom du har ein baby frå "alder nyfødd " til 1 år er du hjarteleg velkommen til å
vera med . Det blir sendt ut invitasjon ved oppstarten kvart halvår til dei me har opplysningar om. Får du ikkje invitasjon, er du like velkomen for det. Påmelding til kyrkjekontoret.
Me begynner kl 11.00. Me syng omlag 45 minuttar før me et lunsj saman etterpå. Ta med matpakke, så ordnar me med kaffi og te.
 
Dersom du lurer på noko, ta kontakt med Turid Børtveit Skjelstad på tlf: 52 79 02 03
 
 
 

 

 "Bomchikkabom!.....åååå....." Kitlar litt i magen (Bilete frå våren 2010)
 
 
 
 Såpebobler er gøy!
 
Men kor blei dei av...? bilete frå våren 2014
 
    
"Trille, trille ballen bort til ein eg likar godt.." 
Spennande med så stor ball. Bilete frå våren 2015
 
 
 
Der fekk eg tak i ballongen! bilete frå våren 2015
 
 
 
 
 
 

 

28. mai 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Suldal kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando