Suldal kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Artikkeldetaljer


Kongeklubben i Marvik kapell


I mai og juni vert det Kongeklubb-samlingar i Marvik kapell!
 

I mai og juni vert det Kongeklubb-samlingar for 1. og 2. klassingar som går på Marvik skule. 

Kongeklubben (tidlegare kalla Dåpsskulen) er samlingar etter skuletid der me blir kjende i kyrkja og lærer om det som finst der, lærer om kven som er Kongenes Konge, om dåp og nattverd og mykje meir. Me startar alltid samlingane med å ha eit enkelt måltid saman. Me høyrer frå Bibelen, har aktivitetar, bygg lego, syng litt, leikar, og av og til lagar me noko fint.
Samlingane vert i Marvik kapell 5 torsdagar frå rett etter skulen til ca kl 15:30.
Me møter barna utanfor skulen rett etter skuletid, og så går me saman ned til kyrkja. Dei som skal tilbake til SFO vert kjørde dit når samlinga er ferdig.

Datoane for Kongeklubben er: 7/5, 21/5, 28/5, 4/6 og 11/6.
Me deltek også i familiegudstenesta søndag 14/6 kl 11.
Me gledar oss til å bli kjende med flotte deltakarar! 

Her kan de melde på barnet.

Ta kontakt med meg (Nina) dersom de ikkje får til påmeldinga, eller om de lurer på noko -  tlf 91 52 19 44, epost nn372@kyrkja.no :) 

Tilbake
Del