Julegåveaksjonen 2025 er i gong!
Julegåveaksjonen 2025 er eit tiltak i regi av diakoniutvalet i Suldal, der mottakarar som har økonomiske utfordringar får «Suldalskortet» til hjelp i ei krevjande tid. Mottakarane må vere over 18 år og heimehøyrande i Suldal. Det er kun eitt kort per husstand. Kortet kan brukast i dei fleste butikkane i Suldal, samt på Kulturhuset, Ryfylkemuseet og Suldal Bad.
På denne måten vil denne aksjonen også skape positive ringverknader for lokalt næringsliv. Givarane får dermed sjansen til å gi noko som kjem heile lokalsamfunnet vårt til gode, og mottakarane får økonomisk støtte og ei hyggeleg julehelsing i ei utfordrande tid.