Det er fastsett betalingssatsar for gravferd for dei som ikkje er busette i kommunen og for kyrkjeleg seremoni for dei som ikkje er medlem i Den norske kyrkja.
Avdøde personar som ved dødsfallet budde i kommunen har rett til fri grav på gravplass her. Kyrkjeleg fellesråd kan tillata at også personar som ikkje budde i kommunen kan gravleggjast på ein av kyrkjegardane her. Det kan då krevjast dekning av kostnadane ved gravferda og avgift som ved feste av grav. (Gravferdslova § 6).
For dei som ikkje bur i kommunen, og for dei som ikkje er medlem i Den norske kyrkja, men ønskjer kyrkjeleg sermoni må det betalast for gravferdsseremonien (Kyrkjelova 20. 2. ledd).