Suldal kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Artikkeldetaljer


Alpha-kurs!


Som ein del av den internasjonale Alpha-rørsla inviterer også kyrkjelydane i Suldal til kurs!

Alpha-kurset tek opp dei mest sentrale spørsmåla i den kristne trua, som til dømes:

- Er livet meir enn det daglege?

- Kven er Jesus, og kvifor døydde han?

- Kvifor bry seg om Jesus?

- Korleis kan me tru?

- Kvifor og korleis lesa Bibelen?

Gjennom undervisning, gruppesamtalar, litt mat og sosialt samvær får me utforska slike tema i eit miljø som er avslappa og uformelt. Ingen vert pressa til å bidra utanfor si eiga komfortsone.

Interessert? Les vidare …

Alpha-kurs hausten 2026

Kurset startar med ein Alpha-middag tysdag 8. september kl. 18.30. Denne kvelden fungerer som ei «prøvekveld» for alle som er nysgjerrige. Det er heilt uforpliktande å bli med – og du bestemmer sjølv i løpet av kvelden, eller etterpå, om du vil delta på resten av kurset.

Kurset går vidare over ti tysdagssamlingar, i tillegg til ei helgesamling. Siste samling er tysdag 17. november.

- Tid: Tysdagar kl. 18.30–20.45

- Stad: Sand bedehus

- Helgesamling: 16.-18. oktober 

· Kurset er gratis. Me set pris på eit frivillig tilskot til matservering.

 

Påmelding til Alpha-middag: innan 25. august

Påmelding HER

Tilbake
Del