Suldal kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Artikkeldetaljer


Bli med på Tårnagenthelg!


Hei, du som går i tredje klasse!

Laurdag 17. oktober og søndag 18. oktober håpar me du vil kome til Sand kyrkje og bedehus.

 

 

Denne helga er alle 3.-klassingari heile Suldal velkomne til å vere Tårnagentar. Dette er ein del av kyrkja si trusopplæring i Suldal.

Kyrkjetårn, oppdrag og mysterium

Tårnagentane får oppdrag som skal utførast og mysterier som skal løysast.

Har du lyst til å gå på skattejakt i kyrkja og tårnet?

Lurer du på kva slags mysterium du finn i Bibelen?

Veit du at det står noko utenpå alle kyrkjeklokkene i landet?

På søndagen er oppdraget å delta på Tårnagent-gudstenesta, og dei andre som kjem dit skal då få vite litt om kva me har gjort.

Det kostar ingenting å delta. Agentane bur heime, men vil vere saman både laurdag og søndag.

Det blir servert «agent-mat» på laurdagen.

Oppmøte i Sand kyrkje laurdag 17. oktober kl 11.30.

Me held på til ca 16.30.

Søndag kl 10.40 møtest me att og blir klare for gudsteneste.  Det er Tårnagentgudsteneste kl 11.00. Etterpå vert det internasjonal kyrkjekaffi på bedehuset vegg i vegg 😊

Til føresette til 3.- klassingane, besteforeldre eller andre:

Vil du vere ”Englevakt”? Englevaktene er medhjelparar; ein som følgjer ei gruppe barn rundt på oppdrag eller sit på ein oppdragspost, passar på at agentane er trygge i tårnet og på galleriet, og hjelper til med praktiske ting. Det er først og fremst på laurdagen me treng «englevakter»

(dei fleste deltakarane treng jo uansett skyss til og frå Sand kyrkje, så då kan jo sjåføren like godt bli med agentane på oppdrag J)

Nokre av dykk blir kanskje spurde på førehand om små eller større ”spesialoppdrag”, elles får de beskjed om kven som gjer kva når de kjem om laurdagen.

Helsing frå kyrkjelydane i Erfjord, Jelsa, Suldal og Sand

Namn på ”sjefsagent”: Kjersti Hausberg Bjerga

E-post: kb745@kyrkja.no, telefon 93 83 31 50

 

Tilbake
Del