Velkommen til gudsteneste.
Med dei nye smittevernreglane frå 1. februar er det slutt på registrering av deltakarar på gudstenester og andre arrangement i kyrkjene. Det er ikkje lenger tak på kor mange som kan delta, men storleiken på rommet vil avgjera kor mange deltakarar det kan vera. Deltakarane skal sitja på fast plass under gudstenesta, og det er ikkje lenger krav om å halda 1 meter avstand når ein sit på plasssen. Smittevernreglane seier vidare at det er påbudt å bruka munnbind på innendørs arrangement når ein ikkje kan halda minst ein meter avstand. Dette kan synast noko sjølvmotseiande, med er aktuelt når ein går inn og ut av kyrkja og ved utdeling av nattverd. Me vil oppmoda kvar deltakar om å sjølv passa på og ta omsyn til andre - slik me har gjort under heile pandemien. Hugs god hand- og hostehygiene og hald deg heime ved sjukdom. Oversikt over gudstenester og andre arrangement finn du under "Kalender".